Når ein treng å få det ut
Kva gjer ein eigentleg? Heile tida. Kvar dag. Det kan vere uforståeleg.
Live, love, laugh
Kva gjer ein eigentleg? Heile tida. Kvar dag. Det kan vere uforståeleg.

Ja, lenge sidan sist. Tek det som at eg kosar meg.
Når eg tenker tilbake på tida her no, skulle eg ønske at ei dagbok hadde hatt meir fokus. Føles ikkje ut som eg har gjort så mykje, men eigentleg gjer eg jo noko kvar dag. Blir litt bedre venn med nokon kvar dag. Forstår eit ord her og der meir av italiensk.

Han bak der er ein ny utvekslingsstudent som har kome hit fra California. Aaron. Faktisk så kom det ei til i dag. Fra Australia. Grace. Men ho skal berre vere her til januar. Trur ho har somarferie no. Aaron er her heile året. Haugevis med raringar her no. Utvekslingsstudntar i haugar og dungar. Marit, Karl, Maren, Grishma, Aaron, Grace, me. Then you have the other Italian students that stayed in Norway for three months. Plus Eleonora since she is hosting Marit.

Vi har vel kanskje vore mange stadar sidan sist eg la inn eit innlegg. Da Emilio kom heim. Stakkars. Har masse lekse han no. Trur ikkje han veit kor han skal starte. Hjelp. Tenk når eg kjem til Norge. Hardjobbing på gang daaa. To veker igjen no. To søndagar. Tida har gått utruleg fort, men eg er fortsatt ikkje ferdig! Har masser av tid igjen. Ikkje alle som er to veker boande i Italia, så eg er heldig.
Dei på bildet er utruuleg hyggelige. Rart vi blei kjent med dei for berre to veker sidan. Foreldra til dei høgaste er canadiske.
Dei to andre bilda ovanfor er fra feiringa av bursdagen min. Mange herlige sjeler i eit og same hus den kvelden. Herlig gjeng.

Men eg må seie at å feire bursdag i Norge er annleis. Eg savna sangen på senga, storfrukost uansett dag i veka, gaver rundt bordet, sang, klemmar, sang på skulen og gode vennar eg har kjent lenge og som kjenner meg. Men gavene i Italia er kjempefine. Alt eg fekk er så personleg, og eg ser at folk virkelig har prøvd å kjøpt det eg liker. Ingen penger rett i handa. Eg fekk blant anna Adele- 21, to Converse sokkar (fra forskjellige folk), en bamse, mange Tic Tac og favorittsjokoladen, t-skjorter og kjempefine kort.
- Lykkelig i Italia

Emilio kom til Italia i går! Venting og venting, flyproblem, og anna. Men til slutt var han her. Det var ein litt pussig oppleving. Eg følte eg var i eit rom uten tid. Der var han liksom. Ståande foran meg. Ikkje lenger i kjellerstua heime. Litt rart.
- Kristine con Emilio
Dette er mitt bursdagsønske i år: Eit bilde av meg og deg, eit minne du ser tilbake på med eit smil :)

- Snart bursdagsbarn - Kristine

"Eg var litt slik når eg var liten. Litt rund og åt mykje." - Italiensk gutt under kinoen
Har vore på kino i dag ja. Marit, eg og to italienerar. Koos. Vi såg Kung Fu Panda 2 på italiensk! Nokon som leita etter ungane i San Vito? Eg fant dei! Dei sit her og flirar av replikkar eg ikkje forstår. Men det er gøy. Veldig koslig film.
Gutane der heime i Noreg har noko å lære. Her betalar dei veit du. Sidan den eine guten betalte kinoen tenkte eg og Marit at vi skulle betale isen. Eg ga han pengane, og han såg sjokka på meg. Slik er det. Jentene i Noreg er vant med å betale for seg sjølv. Vartfall slik eg har opplevd det. Om du har ei anna oppfatning, gjerne informer meg, for dette er interessant.
Livet er interessant.
- Tomatsuppe-Kristine (Liker også Italia og Østerrike for deira mat)


Datteren min vokser ut av hendene mine og inn i armkroken. Ut av armkroken og opp på skulderen. Du må ikke vokse så fort, sier jeg. Datteren min vokser ut av fanget mitt og fram på gulvet. Den skitne ullgenseren. Det flokete håret. Opp fra gulvet og ut av døren. Da tar jeg henne hardt i armen. Nei, sier jeg.
Eg er glad du sa ja denne gangen, mamma.
- Byrjar å like samfunnsfagsboka etter eg fant dette diktet av Gro Dahle- Kristine.

Livet er som ein peis. Ikkje veit eg korleis, og ikkje veit eg kvifor. Alt eg veit er at livet, ja, det er som ein peis. Ein flammande peis. Vakker, men farleg.
Den hunden var veldig mjuk. Skikkelig altså. Dra til Tarvisio oppe i fjella så kjenner du sjølv! Verdt turen! Mannen bak gjer ikkje det du trur han gjer. Han har ein stokk mellom beina. Ein god jobb gjer han. Må ha vondt i låra. Trur han har brukt lårmusklane ganske lenge no, men ikkje spør meg kor lenge, for det veit eg ikkje.
Tok meg ein tur til Østerrike da.

Handla litt Oreo Milka. Namnam! Så handla vi også tacokrydder.
Kanskje livet kan vere som tacokrydder også. Spicy, godt og krydderish.
- Gleder seg til å nafse i seg Oreo Milkasjokoladen på laurdag!



Da eg sa ja til dette prosjektet visste eg at eg kom til å savne heimen min og vennane mine. Det eg ikkje var forberedt på var kor nært du kan kome ein person på ein måned.
- Kristine

Honey Let Me Sing You A Song - Matt Hires
Sangen for kvelden! Takk til Maren for det nydelige tipset.
Someone Like You - Adele
er nok sangen for turen. Veit ikkje om nokon sang vi har sunge og spelt av så mykje som den på lenge.
- Sanglyttende Italianyter
Når ein først er i gang, kvifor ikkje berre eit til?

Assurdo. Månadens, kanskje årets, ord. Ubeskriveleg kor mykje det ordet kan beskrive. Det er snø i Italia. Assurdo. Flo kan stå på to føtter. Assurdo. Eg har forsøve meg. Assurdo. Den fyren ser på meg. Assurdo. Eg liker pappas pizza betre enn dei pizzaene eg har smakt her til no. Assurdo. Eg har fått vener, Assurdo. Dei et ganske mykje her når dei først et. Assurdo. Folk har blå auge her. Assurdo. Assurdo. Assurdo.
- Assurdo (copyright Damiano) Kristine